UiB er leiande på digitalisering – saman skal vi verta endå betre

Oddrun_Samdal_smlDigitalisering er ei viktig prioritering for Universitetet i Bergen (UiB). I den nyleg vedtekne strategien står det blant anna at UiB skal «vera leiande på nye og innovative digitale lærings- og formidlingsformer» og vi har ei målsetjing om at 60 % av alle skriftlege skuleeksamenar ved UiB skal vera digitale innan 2016.

Kvart semester vert det her hjå oss avlagt kring 23000 skuleeksamenar og målet for 2015 var at 30 % av desse skulle vera digitale. Våren 2015 var 17,5 prosent av desse digitale, for haustsemesteret 2015 er dette talet oppe på 48 %, ei betydeleg auking og eit tal som gjer oss til leiande i landet på digitale eksamenar. Attendemeldingane frå studentane etter vårsemesteret der heile 93 % av studentane uttrykte at dei var nøgde er eit signal om at vi er på rett veg.

Det solide arbeidet i heile organisasjonen og særleg det gode samarbeidet mellom KA, SA, IT, EIA og UPED har vore viktig for dei resultata vi no ser. Den gode samhandlinga mellom desse avdelingane har vore avgjerande for den raske framdrifta i prosjekta og for iverksetjing av valte løysingar både for eksamenar, ny læringsplattform og arbeidet med etablering av ein lærings- og formidlingslab i MediaCity Bergen. Vi er også glade for å ha fått på plass eit støtteapparat som tilbyr bistand til produksjon av korte videoar og som tilbyr opplæring i pedagogisk bruk av digitale verktøy til undervisning og formidling. Slik vert vi betre saman.

I 2016 held vi fram med arbeidet og skal lansera vår nye læringsplattform. Plattforma som byggjer på open kildekode-versjonen av Canvas erstattar dagens MiSide og vil leggja til rette for betre dialog, samhandling og læring. Målet er at alle innan utgangen av året skal vera over på den nye plattforma som vi håpar skal bli navet i eit digitalt læringsmiljø både for studentar og tilsette i åra som kjem.

Tett knytt til Media City Bergen vert det også jobba med innhaldsproduksjon og med utforsking av nye og innovative digitale læringsformer. Her blir det jobba med ulike prosjekt, både små og store, men utviklinga av Massive Open Online Courses (MOOCs) har vore ein sentral del og den fyrste Causes of Climate Change hadde over 8000 påmeldte. I desse dagar er det opna for registrering på eit nytt kurs Occupational Heath in Developing Countries og fleire vil koma.

Eit nyleg oppslag i Studvest syner at studentane omfamnar nettsatsinga og det vert slått fast at det er dette studentane vil ha. Der vert det også reist eit spørsmål til landets utdanningsinstitusjonar om kva ein ventar på.

Vi ventar ikkje, og er som tala ovanfor syner allereie godt i gang med å digitalisera kvardagen for deg som student eller tilsett ved UiB. Det vil vi halda fram med i åra som kjem.

Oddrun Samdal,
viserektor for utdanning

Skriv et svar

Universitetet i Bergen
Rektors kontor
E-post: rektor@uib.no