Studiebarometeret – ei rettesnor på vegen mot betre utdanningskvalitet

Oddrun_Samdal_smlResultata frå Studiebarometeret til NOKUT – Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen, vart lansert 02.02. Tala frå Universitetet i Bergen (UiB) er om lag på landssnittet. I år som i fjor er det medverknad, rettleiing og undervisning som peikar seg ut som det studentane i Noreg jamt over er minst nøgde med, slik er det også. Vi skal ikkje slå oss til ro med at dei overordna tala for UiB er på landssnittet – vi skal nytte resultata til å forstå kvifor vi gjer det godt på enkelte områder og kva vi må gjere for å betre oss på andre.

Master i medievitenskap og Master i Logopedi er dei to studieprogramma ved UiB som har betra seg mest frå 2014 til 2015.  I fjorårets undersøking var det desse to programma som kom dårlegast ut ved UiB. Det er gledeleg å sjå at det arbeidet som er lagt ned på bakgrunn av fjorårets resultat gjev utslag i årets studiebarometer. Det syner at målretta arbeid er nødvendig men det syner også at Studiebarometeret er ei undersøking som det er verdt å lytte til og som bør brukast aktivt av fagmiljø i deira arbeid med studiekvaliteten.

Vi hadde tala frå Studiebarometeret oppe som sak i Utdanningsutvalget (UU) allereie onsdag 03.02. I tida framover vil vi bearbeide og analysere tala og bruke desse systematisk i arbeidet med å heve kvaliteten i utdanningane ved UiB. Studiebarometeret var også sak på årets fyrste møtet i Læringsmiljøutvalet (LMU) ved UiB 10.02. Det vart også orientert om denne saka på møtet i Universitetsstyret 11.02.

I LMU vedtok ein på årets fyrste møte ny handlingsplan for læringsmiljø og som ei direkte oppfølging av utvalet si behandling av Studiebarometeret innlemma ein to tiltakspunkt i tillegg til dei som alt var inne i planen; eitt som dreiar seg om studentdemokratia og eitt om studentmedverknad. Studiebarometeret og andre undersøkingar er og vil halde fram med å vera viktige bakgrunnsdokument i vårt arbeid med å utforme handlingsplanar, delstrategiar og tiltakspunkt som ei oppfølging av vår nye strategi.

Resultata av denne undersøkinga gjev oss som utdanningsleiarar, på alle nivå, gode tilbakemeldingar på korleis studentane oppfattar studieprogramma og studiekvardagen sin – desse attendemeldingane tek vi sjølvsagt på alvor og vi nyttar dei i arbeidet med å bli betre. Eg oppmodar alle leiarar til å setje seg nøye inn i årets resultat for sitt fagmiljø og til å bruke resultata, i dialog med studentrepresentantar, til å bli endå betre.

Vi skal alltid arbeida for å verta betre!

Oddrun Samdal,
viserektor for utdanning

 

Tags:

Skriv et svar

Universitetet i Bergen
Rektors kontor
E-post: rektor@uib.no