Lykke til med eksamensinnspurten!

Oddrun_Samdal_smlEg hugsar framleis studietida som om det var i fjor. Det var ei god tid, ei tid med mykje moro, der eg fekk mange nye venner. Men eg hugsar også godt dagane i slutten av kvart semester, dagane då det var tid for eksamen. Det var både skremmande og motiverande!

Sjølv kor godt ein er forberedt og kor mange timar ein har brukt på lesesalen, trur eg alle kjenner på den kjensla som kjem når det nærmar seg eksamen. Har eg lese nok? Kvifor har eg ikkje brukt fleire timar i kollokviegrupper saman med medstudentane mine!? Hugs at det som regel går mykje betre enn det du fryktar det skal gjera. Eg håpar de tek dykk tid til å pusta litt i desse dagar, og minne dykk sjølv på at det som regel går heilt fint. Det å mestre ein eksamenssituasjon krev erfaring og er noko ein vert betre på etter kvart som åra går, dersom ein tek seg tid til å læra av dei erfaringane ein haustar.

Stadig fleire av dykk gjennomfører no skuleeksamen digitalt. I haustsemesteret 2015 var kring halvparten av desse gjennomført digitalt, noko som gjer oss til leiande på digitalisering av eksamenar i Noreg. Dette gjer vi fordi det har vore ei viktig sak for studenttillitsvalte ved UiB i mange år, og fordi vi trur dette gjer eksamenssituasjonen meir naturleg og dermed også tryggare for dykk som studentar. Eg håpar dette kan bidra til å fjerne eit ekstra stressmoment, samstundes som det bidrar til at dykk får vist fram den kunnskapen og kompetansen de har tileigna dykk.

Her kjem nok tips frå meg som det kan vera nyttige å ta med inn i innspurten:

– Ha fokus på eksamen som ein moglegheit for å vise deg sjølv og andre kva du har lært og ikkje som ein belastning eller eit pliktløp

– Ha fokus på å gjera ditt beste heller enn kva karakter du ønskjer å oppnå

– Lag ein leseplan og diskusjonsplan for kollokviegruppa

– Diskusjonar hjelper deg å formulera kunnskapen og argumentera for den, og dette skapar tryggleik for deg sjølv i at du kan bruke argumenta på eksamen

– Skriv ut svar på tidlegare eksamensoppgåver som ei øving på form og struktur

– Tør å vere sjølvstendig og kritisk reflekterande også på eksamen.

– Snakk med medstudentar, vener, familie og undervisarar om stress og eventuell eksamensangst, og ver open for gode råd.

– Om du føler at presset er vanskeleg å handtere, søk hjelp hos SiB, dei er der for deg!

– Hugs å forberede deg godt dersom du skal ha digital eksamen.

Og heilt til slutt: hugs at på den andre sida av eksamenstida ventar sommaren.

Lykke til med eksamen og deretter nytt semester!

 

Oddrun Samdal,
Viserektor for utdanning

 

 

Skriv et svar

Universitetet i Bergen
Rektors kontor
E-post: rektor@uib.no