Med fokus på psykisk helse

Oddrun_Samdal_smlI Studentenes helse- og trivselsundersøkelse (SHoT) frå 2014 rapporterte kvar femte student at dei slit med psykiske helseplager. Dette er dobbelt så mange som i aldersgruppa for øvrig. Om ein ser på tala berre for dei kvinnelege studentane, er det heile 25 prosent. Tala frå 2014 representerte også tydeleg auke frå den førre undersøkinga, tilbake i 2010, og tala synte også at studentane si psykiske helse har forverra seg meir enn hos den øvrige befolkninga i same aldersgruppe.

Det å bli student inneber eit skifte og for mange er det snakk om relativt store endringar i livet. Ein flyttar gjerne til ein ny by langt vekke frå heimstaden sin, ein flyttar for seg sjølv for fyrste gong og ein skal skape seg eit nytt nettverk og finna nye vener. Samstundes byrjar ein på eit studium, og for mange kan det faglege vera ei stor utfordring som kjem på toppen av alle andre endringar i livet. Som tala ovanfor syner, kan summen av alt dette verta for utfordrande for mange, og vi som utdanningsinstitusjon må vera bevist på kva alle desse utfordringane inneber og leggja til rette for at overgangen til studietida vert enklast mogleg.

Dei seinare åra har dette vore ei sak som har stått høgt på dei studenttillitsvalte sin agenda, både lokalt gjennom Studentparlamentet ved UiB (SP-UiB), Velferdstinget i Bergen (VT) og Studentsamskipnaden i Bergen (SiB), men også nasjonalt gjennom Norsk studentorganisasjon (NSO). I Bergen har det også vore satsa mykje på dette feltet, og SiB har eit solid tilbod både av førebyggande og behandlande tilbod til studentane i Bergen. For at desse tilboda skal nå flest mogleg og dermed ha best mogleg effekt, er det viktig at dei er godt kjente i studentmassen. Som medstudentar, utdanningsinstitusjonar og studentsamskipnad har vi alle eit ansvar for å bidra til ein god informasjonsflyt.

I anledning Verdsdagen for Psykisk helse vil SiB Karriere og Studiemestring arrangere eit gratis seminar for studentar om studiemestring og «generasjon prestasjon». Dette er eit flott initiativ og ein god måte å markera Verdsdagen på. Gjennom dette kurset tilbyr SiB eit lågterskel tilbod til studentane samstundes som dei set fokus på eit viktig tema. Eg vonar flest mogleg vil delta på dette kurset, som truleg vil vera nyttig for oss alle.

Universitetet i Bergen (UiB) er oppteken av, og samarbeider tett med SiB, på dette feltet. I sommar sendte SiB ein søknad til Kunnskapsdepartementet (KD) om midlar til prosjektet Styrking av studenters psykiske helse, trivsel og mestring. Denne søknaden kjem som ei direkte oppfølging av resultata frå SHoT, noko både samskipnaden og utdanningsinstitusjonane i Bergen har teke på alvor og jobbar systematisk med. På denne søknaden er UiB med som partnar og blant fleire tiltak som er på trappene, vert eit konkret samarbeid mellom UiB og SiB om ei mentorordning nemnd. Vi som institusjon skal fortsetje å jobbe tett saman med SiB for å sikre at vi har eit best mogleg tilbod, både førebyggande og behandlande, til studentane i Bergen samstundes som vi arbeider med å rigge det faglege opplegget på riktig måte. I vår nye handlingsplan for læringsmiljø, som gjeld fram til 2022, seier vi at alle studentar ved UiB skal kunne ta del i ein faglig mentorordning innan 2019. Ei mentorordning har lenge vore etterspurt av studentane våre, og vi trur dette vil vera med på å integrera studentane tettare inn i fagmiljø samstundes som det kan bidra til å sikre betre oppfølging og rettleiing for våre studentar. Det å bli sett og få gode faglege råd tenkjer vi er viktig både for studentane sin trivsel og deira læring.

Oddrun Samdal
Viserektor for utdanning, UiB

Skriv et svar

Universitetet i Bergen
Rektors kontor
E-post: rektor@uib.no